Saker til kommunestyret 28. november 2024

Vatn til Hjørungneset, og vegstandard til Hjørungavåg er nokre av temaa kommunestyret skal ta stilling til.

Kommunestyret skal møtast 28. november klokka 18 i kommunestyresalen. Som vanleg er møte ope for publikum, og som vanleg vil vi sende møtet på nettsida og Facebook-sidene våre.

 

Undre følgjer eit kort samandrag av dei viktigaste sakene. Fullstendig sakliste og alle sakspapir, finn du via denne lenka.

 

Vegstandard til Hjørungavåg

Hovudvegen til Hjørungavåg er fylkesveg, og i dårleg stand. No har medlemmane i næring- og miljøutvalet gått saman om ein interpellasjon til kommunestyret. Der ber dei kommunestyret vere med på ein uttale som ber fylket om å prioritere vegen.

 

Vatn til Hjørungneset

Hareid kommune har greia ut korleis vi eventuelt kan tilby kommunalt vatn til innbyggarane på Hjørungneset, og kor mykje det vil koste. Konklusjonen er at prosjektet vil vere for dyrt for dei 3-5 husstandane. Det er estimert at prosjektet vil koste 9,5 millionar. Formannskapet vil få ei orientering i saka, og tilrådinga er at konklusjonen blir teke til vitende.

 

Namn i kommunen

Korleis vi set namn på stadar og vegar i kommunen er regulert i ein forskrift. Denne er moden for oppdatering. Administrasjonen har derfor laga til eit forslag som kommunestyret skal sende ut på høyring.

 

Felles Nav-kontor

Det blir arbeida med å få til eit felles Nav-kontor for ytre søre Sunnmøre. Denne saka gjeld godkjenning av ny vertskommuneavtale for kommunane Hareid, Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven. Tilsvarande sak blir også fremma for kommunestyra i dei andre kommunane.

 

Spelemiddelsøknadar for 2025

Kommunestyret skal godkjenne kva prosjekt Hareid kommune skal søkje om spelemidlar frå Norsk Tipping.  Administrasjonen rår til at det blir søkt om spelemidlar for følgande:

  • Ordinære anlegg, i prioritert rekkefølge:
  1. kunstgrasbane ved Hareid ungdomskule
  2. sanitæranlegg ved Nessetelva,
  3. fleirbrukshall i Hjørungavåg i 2025
  • Nærmiljøanlegg i prioritert rekkefølge:
  1. ballbinge ved Plassane bustadfelt
  2. akebakke ved Plassane bustadfelt
  3. gapahuk ved Plassane bustadfelt

 

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at kommunestyret skulle handsame trafikktryggingsplanen. Denne saka var meldt opp feil, og skulle ikkje innom kommunestyret før planen blei lagt på høyring. Du kan lese planforslaget og kome med innspel til trafikktryggingsplanen her.