Sjå det siste kommunestyret denne perioden direkte - eller i opptak om du heller vil det

Dette er det siste kommunestyremøtet i perioden. Neste gang kommunestyret møtast, er det med dei nyvalde medlemmane.

I dette møtet, 14. september, skal kommunestyret mellom anna vedta revidert godtgjerslereglement og strategisk hamneplan.

Sjå møtet direkte her frå klokka 18, eller i opptak seinare.

 

Vi får også besøk av elevar frå Hjørungavåg skule som skal fortelje om ønska deira for skulegarden.

Hugs at alle innbyggarar har moglegheit til å tale direkte til kommunestyret gjennom open talarstol. Les meir om det her.