Dette er ein av kummane som skal bytast ut i Vadbakkane/Melshornlia.
Erlend Friestad
Arbeidet gjeld dei same ti vasskummane som kommunen tidlegare har informert om. Målet med prosjektet er framleis å få betre kontroll med vassforsyninga i området, slik at vi i framtida kan avgrense vassavstengingar til mindre område ved feil eller lekkasjar.
LES MEIR: Her kan du lese meir om konsekvensane for deg som innbyggar i feltet.
Har brukt tida på førebuingar
Sjølve gravearbeidet har ikkje starta enno, men prosjektet har vore i gang med førebuingar. Entreprenøren har mellom anna bygd ferdig dei første kummane på lager, slik at dei er klare til å bli sette ned når gravinga startar.
Årsaka til at oppstarten kjem seinare enn først planlagt, er mellom anna avklaringar knytte til anleggsvegen mellom Plassane og hovudvegen. Kommunen ønskjer å bruke denne vegen i anleggsperioden for å avlaste vegane i bustadfeltet mest mogleg.
Fylkeskommunen har godkjent at denne vegen kan bli permanent. Det står framleis att nokre budsjettavklaringar, men dette er ikkje venta å stoppe oppstarten av gravearbeidet.
Ville unngå opne grøfter i ferien
Kommunen valde også å vente med oppstart til etter sommarferien. Grunnen er at ein ikkje ønskte at opne grøfter skulle bli ståande i området gjennom ferievekene.
Når ein opnar gamle grøfter og leidningstrasear, veit ein heller ikkje alltid nøyaktig kva ein møter. Det kan til dømes ligge kablar eller anna infrastruktur i grunnen som må handterast undervegs.
Same rekkefølgje som tidlegare varsla
Kartet viser området som blir råka, kvar kummane ligg og i kva rekkefølgje dei blir byta.
Hareid kommune
Utskiftinga vil skje i same rekkefølgje som tidlegare varsla. Det betyr at arbeidet går stegvis frå kum til kum etter den planlagde prioriteringa. (Sjå bilete)
Det vil framleis vere behov for mellombelse vassavstengingar når dei enkelte kummane skal koplast om. Dei som blir råka av planlagde stengingar, får varsel via SMS på førehand.
Kan bli endringar undervegs
Arbeid i gamle leidningsanlegg kan gi uventa utfordringar. Dersom det oppstår endringar i framdrift, vassavstenging eller framkomst, vil kommunen varsle dei som blir råka fortløpande.
Vi ber innbyggarar i området om å følgje med på SMS-varsel frå kommunen og vidareformidle informasjon til eventuelle leigetakarar.