Toll! Fantastich! Freundlich! – Cruisegjestar begeistra for Hareid

Cruisegjestane frå MS Artania har storkosa seg i Hareid på ein historisk dag for kommunen. 13. juni var første gong eit cruiseskip la til kai i Hareid, og responsen frå dei reisande tyder på at dette bør vi gjere meir av!

To eldre damer utanfor Hareid kyrkje - Klikk for stort bileteSabina og Petra frå Dortmund. Erlend Friestad

Gjestane trekkjer fram både naturen og atmosfæren – men møtet med lokalsamfunnet tronar øvst på skrytelista. Sabina og Petra frå Dortmund let seg imponere over kvardagskulturen:

– Dette er heilt fantastisk. For ein venleg stad. Berre det at bilane stoppar når vi skal over vegen og gir oss god tid – det skjer ikkje der vi kjem frå, fortel ho.

Sabina trekkjer fram roen:

– Det er roleg og ikkje for hektisk. Ryddig og rett og slett triveleg!

For damene var turen ekstra spesiell:

 – Vi har hatt ein draum om å dra til Noreg lenge. No er vi her – ja, attpå til på bursdagen din, Sabina, fortel Petra medan ho skubbar litt i reisefølgjet sitt

 – Men vi må ikkje gløyme at du, Petra, har bursdag i morgon, fortel Sabina.

Mann og dame utanfor Hareid kyrkje - Klikk for stort bileteWolfgang og Ingrid frå Köln. Erlend Friestad

Storslagne fjordar

Wolfgang og Ingrid frå Köln starta besøket med fjordcruise inn i Hjørundfjorden. Wolfgang fortel at opplevinga overgjekk forventningane: 

- Dei norske fjordane er storslagne. Eg har sett dei på TV, men det er heilt annleis å sjå dei i verkelegheita, fortel han.

Også Hareid får skryt: – Det er veldig hyggeleg her, og mykje meir å sjå på enn nokre av stadane vi besøkte på Noregs-cruise i fjor.

mann og dame utanfor Hareid kyrkje - Klikk for stort bileteThomas og Birgit frå Wien i Austerrike. Erlend Friestad

Eliasgarden

Thomas og Birgit frå Wien i Austerrike har også fått eit godt inntrykk av bygda. Dei har vore på gardsbesøk på Eliasgarden og Thomas fortel entusiastisk:

– Det var ein vakker og hyggeleg stad. Eg har fått høyre spanande historier om korleis dei levde tidlegare. Eg likte også maten vi fekk servert – særleg vaflane, fortel han. 

Birgit er samd:

– Hareid er ein vakker og vennleg plass. Eg vil verkeleg anbefale besøket på Eliasgarden. Det var interessant og veldig hyggeleg folk – ja, ein veldig hyggeleg familie, rett og slett, seier ho.

mann og dame i kjøpmannsgata - Klikk for stort bileteMalte og Julia frå Bremen. Erlend Friestad

Kjempegod kaffi

Julia og Malte frå Bremen er på sitt første cruise nokon sinne. Dei har mellom anna testa ut Millennium kafé:

 – Det var veldig fint å gå langs sjøen her. Vi tok oss ein kaffi og den var veldig god, seier Julia.

Malte legg til: – Eg likar meg veldig godt her. Det er ein fin landsby.

Dei vurderte å bruke dei siste timane på ein tur til Håbakknotten: – Det ser veldig flott ut, men vi må snakke med resten av familien om vi får tid, seier Malte.

mann og dame i Kjøpmannsgata - Klikk for stort bileteMarcel og Janine frå Frankfurt. Erlend Friestad

Vi kjem attende

Janine og Marcel frå Frankfurt er også førstegongsbesøkande i Noreg – men det blir ikkje siste!

– Vi må kome tilbake med bobil for å kunne køyre rundt. Her er så mykje å sjå, seier dei.

Dei har opplevd mykje på kort tid: – Vi har vore på fjordcruise, i kyrkja, på bakeriet og på marknaden. Det er ein flott plass, ikkje for stor. Veldig hyggeleg.

 

Startskot

For reiselivet er besøket eit viktig steg vidare. Reiselivsdirektør i Visit Northwest, Tom Anker Skrede, oppsummerer dagen slik:

– Det har gått kjempebra, slik vi har ønska og planlagt. Det har vore masse lokale folk i sentrum som har kosa seg, og gjestane som kjem tilbake til skipet er superfornøgde.

Han omtalar dagen som eit startskot og ein merkedag.

– Dette er starten på noko som så vidt har begynt. Ein historisk dag for Hareid! Vi kan ikkje ha ein slik folkefest kvar gong vi får cruisebesøk, men det viser potensialet i kva vi kan få til og kva verdiar slike anløp kan skape for hareidsamfunnet.

mann og dame i kjøpmannsgata - Klikk for stort bileteAnita Nøring, leiar for turistinformasjonen i Ålesund, og Tom Anker Skrede, reiselivsdirektør i Visit Northwest. Erlend Friestad

Strålande andlete

Frå kaia blir det meldt om kjempegod stemning. Anita Nøring, leiar av turistinformasjonen i Ålesund og har ansvar for cruise der, har lang erfaring med internasjonale gjestar. Ho har bemanna turistinformasjonsteltet ved kaia og har snakka med mange av dei når dei kjem til bake til skipet.

– Det er skikkeleg god stemning på kaia når gjestane kjem tilbake til skipet. Eg har lang erfaring med tyskarar, og dei er vanlegvis litt reserverte. Måten dei reagerer på etter å ha vore i Hareid er eg ikkje vand med. Dei takkar på både tysk og engelsk, med eit tydeleg positivt kroppsspråk. Dei strålar, fortel ho.

 

Klemma ordføraren

Ordførar Bernt Brandal starta dagen på kaia då Artania la til kai. Han har også vore på mottaking på skipet med kapteinen og cruisedirektøren i Phoenix Reisen – som Artania tilhøyrer.

– Eg synest dette er heilt fantastisk, når både reiarlag, kaptein, mannskap og ikkje minst passasjerane brukar store ord som «wonderful» og «fantastisk», seier han.

– Cruisedirektøren sa han fekk kjensla dei hadde i starten av cruiseeventyret, med ei deltakande og entusiastisk befolkning. Eg har også snakka med mange av gjestane som kjem tilbake til skipet, og dei er veldig nøgde. Eg har fått både klemmar og varme handtrykk – det er rett og slett skikkeleg kjekt, seier han.

dronefoto Hareid hamn - med Artania til kai. - Klikk for stort bileteMs Artania til kai i Hareid for fyrste gong. Erlend Friestad
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Kaifasilitetar
Cruiseskip-besøk i 2027
Cruiseskip-besøk i 2028