Pexels.com
Les også: Slik gjer du hekken din trygg for dei minste trafikantane våre
Hareid skule
Elevane på 2.-7. trinn startar klokka 08.15. Dei møter ute på skuleplassen på sine tilviste plassar. Hareid skule tek i år imot 29 førsteklassingar. Dei møter klokka 09.00 saman med føresette ved flaggstonga til flaggheising.
Bigset skule
Elevane på 2.-7. trinn startar klokka 08.15. Oppmøte er ved hovuddøra på nedsida av skulen.
Bigset skule tek i år imot 10 førsteklassingar. Desse møter saman med føresette ved SFO på oppsida av skulen klokka 09.00.
Hjørungavåg skule
Elevane på 2.-7. trinn startar klokka 08.15 og møter på sine klasserom.
Hjørungavåg skule tek i år imot 17 førsteklassingar. Dei møter saman med føresette i gymsalen klokka 09.00.
Hareid ungdomsskule
Elevane møter til vanleg tid klokka 08.15 i aulaen på Hareid ungdomsskule.
Vi ønsker elevar, føresette og tilsette ein god start på det nye skuleåret!