Vil du ha nokon hit?

Det er godt å bu på Hareid. Det er ei oppleving vi gjerne deler med fleire!

person på flytemadrass på Overåsanden - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kanskje har du ein son eller svigerson du vil skal flytte hit? Kanskje du har «utebuande» søsken du ønsker å få heim? Kanskje du vil lokke fleire vener til vår del av øya?

Hareid kommune er i alle fall klar til å ta imot mange fleire innbyggarar. No har vi akkurat starta opp arbeidet med bustadfeltet på Plassane. Det er også mange andre ledige tomter og hus i kommunen.

 

Bernt Brandal, Aina Giskeødegård Balsnes og Julie Sundgot Andersen representerte Hareid på "Bli med hit"-messa. Hareid kommune

Kva gjer vi?

Så kva gjer Hareid kommune for å få folk hit? Vi sel sjølvsagt tomter, men det er siste etappe i ein lang prosess. For å få folk til å flytte hit, må vi nemleg selje heile lokalsamfunnet.

Derfor marknadsfører vi oss hos grupper som vi veit er potensielle tilflyttarar. Nyleg var ordførar Bernt Brandal, saman med Julie Sundgot Andersen (Vekst i Hareid) og Aina Giskeødegård Balsnes (leiar for eininga næring) på messa «Bli med hit». Der møtte dei mange potensielle tilflyttarar. Vi opplevde stor interesse for området vårt.

Hareid kommune reiste saman med andre kommunar på søre Sunnmøre. Vi delte stand med dei og sørga gjennom godt samarbeid for å gjere Sunnmøre sett. Messa har som føremål å synleggjere alle dei spennande jobbmoglegheitene i fylket vårt og freiste folk til å flytte til regionen. Hareid var sjølvsagt med både for å syne fram kva spennande jobbmoglegheiter vi har i regionen og i kommunen vår og kor fint det er å bu i Hareid kommune med kort avstand til alt. Også representantar frå næringsliv frå regionen og Hareid kommune var representerte.

 

Kva kan du gjere?

DU er ein del av lokalsamfunnet vi skal «selje». Vi håpar derfor du kan vere ein god ambassadør for kommunen. Del med potensielle tilflyttarar kvifor du likar å bu her. Har du flytta hit sjølv, må du fortelje om opplevinga di med å flytte hit. Kvifor tok du det valet? Kva er det som gjer det godt for deg og familien din å bu her?

Vi treng vi at alle bidreg med sine positive perspektiv.

Vi må fortelje

 

Send ei helsing!

Dersom du ønsker eit enkelt, men slåande verkemiddel, har vi laga til ferdige postkort du kan sende til dei du vil lokke hitover. Du finn dei på rådhuset og biblioteket.

Postkorta delt ut på Bli med hit-messa, og blei ein god samtalestartar for Hareid-utsendingane på messa.

Ein annan ting du kan gjere, er å dele artikkelen du finn på denne lenka, og så tagge på sosiale medium dei du vil ha heim. Dei du taggar og deler artikkelen med kjem kanskje ikkje med flyttelasset i morgon, men for kvart eit frø som blir sådd, så aukar sjansen for at heimflyttar-tanken startar å spire og til slutt slår rot.

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.