Ønskjer du visning i Plassane bustadfelt?

Ønskjer du visning i Plassane bustadfelt?

Vil du byggje eigen bustad i Hareid? Då kan du melde interesse for visning av sjølvbyggartomtene i Plassane bustadfelt.

dronefoto plassane utsikt - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi avtalar privatvisningar med interesserte. I skjemaet kan du melde inn ønska tidspunkt og kontaktinformasjon, så tek vi kontakt for å avtale.

Om tomtene i Plassane

Plassane bustadfelt ligg sentralt i Hareid, med kort veg til sentrum, skule, barnehage og fritidstilbod. Her finn du 37 sjølvbyggartomter for einebustad, i tillegg til område for meir konsentrerte bustadar. Tomtene har gode solforhold og utsikt. På feltet er det allereie opparbeidd leikeplassar, gapahuk, tuftepark og ballbinge. Sjå klikkbart tomtekart nedst i artikkelen.

Kva kan du få vite på ei visning?

På ei visning kan du

  • sjå tomtene og området
  • møte representantar frå kommunen
  • stille spørsmål om tilrettelegging og moglegheiter
  • få betre grunnlag for å vurdere kjøp

 

Slik ber du om visning

Fyll ut skjemaet dersom du ønskjer visning. Der kan du skrive kva tidspunkt som passar for deg, og leggje inn kontaktinformasjon. 

Påmelding

Interaktivt kart over bustadfeltet

Interaktivt kart
reguleringsplan kart over Plassane bustadfelt
1
2
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
B1
B2
B3
L
L
L
L
L
Hareids-filmen
Dronevideo

Vel eit punkt på kartet

Ledig tomt    Reservert tomt    Leikeplass    Avstandar    Utsiktspunkt