Bustønad

Bustønad er ein behovsprøvd statleg stønadsordning.

Husbanken og kommunen samarbeidar om bustønadsordningen. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søker.

Kven kan få bustønad?

Personar med låg inntekt og høge bukostnadar kan få støtte.

Informasjonfilm om bustønad

Korleis søkjer du?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir.  

Klikk her for å søke elektronisk

Papirsøknader skal du sende til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden ved servicetorget på rådhuset (ope kl. 9–15).

Dette må du legge ved søknaden:

  • husleigekontrakt, dersom du leiger bustad
  • nedbetalingsplan på bustadlån, dersom du eig bustad
  • dokumentasjon på eigedomskatt per år, dersom du bur i sjølveigd bustad (einebustad)

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk gjennom søknadsprosessen. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Når kan du vente svar?

Du får svar på søknaden din innan den 20. neste månad. Utbetalinga av bustøtte er den 20. kvar månad.

Kva skjer vidare?

Får du innvilga bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad, dersom det ikkje har skjedd endringar.
Får avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Meld ifrå om endringar 

Har inntekta di gått opp eller ned? Skal du flytte? Har nokon flytta inn eller ut av husstanden din? Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for utrekning av bustøtte. 

Les meir om korleis du melder ifrå om endringar.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtaket, er klagefristen tre veker. Slik klagar du på eit bustøttevedtak.

Kontakt

Sissel Nevstad
Fyrstesekretær
E-post
Telefon 70 09 50 11
Mobil 948 73 010