Leige av kommunal bustad

Hareid kommune har 23 utleigebustadar, det er både bustadar og leilegheiter. Dei fleste ligg i nærområdet rundt Hareid sentrum.

Du kan søkje om bustønad når du bur i dei kommunale bustadane.

Kven kan søkje om kommunale bustadar?

Alle kan søkje om å få tildelt kommunal bustad. Tildelingsnemnda vurderer alle søkjarar og tildeler bustad fortløpande. Det må i søknaden kome fram om det er ein forlenging av 3-årskontrakt og om hovudinntekta til søkjar/medsøkjar kjem gjennom arbeid, trygd, sosialhjelp, studielån eller anna (må spesifiserast).

Korleis søkjer du?

Dokumentasjon som må leggast ved søknaden for at vi skal kunne ferdigbehandle søknaden:

  • Lønnslipp/trygdeutbetalingsslipp for 3 siste mnd. (for alle i husstanden) 
  • Eventuell dokumentasjon på næringsinntekt
  • Andre inntekter (for alle i husstanden), til dømes studielån
  • Husleigekvittering/husleigekontrakt for noverande bustad
  • Eventuell oppseiing av husleigekontrakt/tidligare buforhald 
  • Dersom du er utanlandsk statsborgar; legg ved kopi av pass
  • Dersom du ikkje har busettingsløyve må også vedtak om opphaldsløyve frå UDI leggast ved
  • Dokumentasjon på andre forhold som du meinar er viktig for vurdering av søknaden

Skjema for søknad om kommunal bustad.

Her kan du seie opp leigeforholdet viss du leiger kommunal bustad.