Psykisk helse og rus

Psykisk helse og rus

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem fins i alle aldersgrupper og i alle delar av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesta.

Lovgrunnlag

Lov om helse- og omsorgstjenester  § 3-2. 6 a.
Lov om pasient og brukerrettigheter § 2-1 a

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. 

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 250: Psykisk helse/rus.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta
  • At mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre eige liv, og oppleve verdigheit
  • Bidra til å skape gode levekår for menneske som har behov for helsehjelp innan psykisk helse og rus gjennom å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv
Kriterier for tildeling
  • Tenestemottakar har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus
  • Tenestemottakar er i krise eller i sorg
  • Tenestemottakar er pårørande til nokon med psykisk helse og/eller rusutfordringar
Praktiske opplysningar
  • Tenesta for psykisk helse og rus tilbyr tenester til menneske med psykiske – og /eller rusutfordringar, menneske i krise og sorg og til pårørande
  • Tenesta skal bidra med støtte og hjelp til menneske som står i fare for å utvikle, har varig eller midlertidig nedsett evne til eigenomsorg.
  • Målgruppa er i hovudsak aldersgruppa 18 år og oppover, men det vert og drive arbeid retta mot psykisk helse i barnehage og skule
  • Tenestemottakar får tenesta ved tilvising frå lege, spesialisthelsetenesta, helsestasjon, skulehelseteneste eller ved å ta direkte kontakt med tenesta. Bruk helst kommunen sitt søknadsskjema
  • Innhaldet i tenesta kan vere, til dømes:
    • Førebyggande arbeid
    • Koordinering av tenester og ev. utarbeiding av individuell plan
    • Kartleggingsarbeid
    • Nettverksbygging
    • Støttesamtalar
    • Strukturering av kvardagen
    • Aktivisering
    • Innsøking til rusbehandling og tilvising til andre instansar
    • Oppfølging av gravide rusmisbrukarar
    • Tvangstiltak overfor rusmiddelavhengige
    • Økonomisk rettleiing
    • Tverrfagleg samarbeid med Nav kring IPS
    • Utlevering av brukarutstyr etter individuelle avtalar
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Vekking og transport til skule og/eller arbeid.
  • Praktisk bistand (utan opplæring)
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer respektfullt overfor tenestemottakar
  • Tilbyr fast kontaktperson så langt det let seg gjere
  • Kontakt innan tre veker etter mottatt søknad
  • Individuell oppfølging, jf. enkeltvedtaket
  • At tenesta tenkjer familie og nettverk
  • At tenesta held avtaler
Forventningar til tenestemottakar
  • Har eit eigendefinert ønske om hjelp
  • Held avtalar
  • Gjev beskjed i god tid dersom du vert hindra i å møte

Kontakt

Vanja Myrvang
koordinator, sosionom
E-post
Telefon 91 56 67 39