Her kan du røyste på valdagenHareid har berre eit vallokale i stortingsvalet 2025.På valdagen 8. september 2025, kan du berre røyste i den kommunen du var busett i per 30. juni*.I møte 20. mars vedtok kommunestyret at Hareid kommune skal ha ei mellombels ordning med eit røystelokale for stortingsvalet 2025. Det betyr at det på valdagen berre vil vere mogleg å røyste på Hareid rådhus.Hareid rådhus, klokka 09-21KommunestyresalenParkering: Rådhusplassen, Bankplassen, Strandgata og andre oppmerka parkeringsplassar som ikkje er reserverte. Det er oppmerka HC-plassar. (Sjå denne artikkelen for kart)Det er mogleg å kome inn i rådhuset både frå Strandgata og Rådhusplassen. Merk: inngangen frå Strandgata er ikkje tilpassa røyrslehemma. Hugs legitimasjon!Les også:Kven kan røyste i valet? * Det står på informasjonsbrevet du har fått frå Valdirektoratet kva kommune du må røyste i på valdagen. Dersom du ikkje finn det (i din digitale eller fysiske postkasse), kan du kontakte sentralbordet i Hareid kommune på telefon 70 09 50 00 for å få svar. Publisert 06.09.2023 15:19 Sist endra 05.09.2025 10:00