Budsjettet – dei viktigaste investeringsforslaga i perioden

Dei neste fire åra har ønsker Hareid kommune å investere store beløp i nye bygg og infrastruktur. Her får du ei opplisting av dei viktigaste.

Dronefoto av Hareid sentrum mot Holstadhornet. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

 

Omsorgsbustadar – Pålhaugen – 150 millionar

Prosjektet omfattar 21 omsorgsleilegheiter for sårbare grupper inkludert støttefunksjonar for desse, samt avlastningsbustad. Det er tenkt gjennomføring av konkurranse med prosjektstart i andre halvdel av 2024. Totalt er det planlagt å nytte 150 millionar kroner på prosjektet dei neste tre åra.

 

Kjøpe bustadar vanskelegstilte – 60 millionar

Hareid kommune ønsker å kjøpe ei rekke bustadar for vanskelegstilte neste år. Denne kategorien omfattar mellom anna eldre med omsorgsbehov og flyktningar. Hareid kommune kan søkje om midlar frå Husbanken for å delfinansiere dette kjøpet. Tilskotet sin storleik varierer noko i høve kva konsept vi nyttar. Hareid kommune har sendt søknad og i skrivande stund er denne under handsaming. 

I søknaden har ein lagt til grunn kjøp av 20 bueiningar, i ein miks av to-mann- og fir-mannsbustadar. Ein føresetnad som ligg inne er at vi då i snitt vil få støtte for 20 prosent av kjøpsprisen. 

Kommunen har vurdert det slik at vi vil gå ut i marknaden for å kjøpe nøkkelferdige bustadar, i staden for å bygge sjølve. Marknaden vil verte gjort kjent med dette. I skrivande stund ligg føremålstenlege bustadar til sals på Finn. Dette under prosjekt «Bustadfelt Brekkane» av Blink hus.

Tiltaket her må sjåast i samanheng med kommunedirektøren sitt forslag om auka i talet på busetjingar. For å lukkast med dette, er vi avhengige av nye bu-einingar.

LES OGSÅ: Sjå formannskapet diskutere budsjettframlegget.

Cruiseterminal – 50 millionar

Tiltaket er ein del av ei strategisk avgjerd om at Hareid skal verte ein cruisedestinasjon.  Realiseringa av tiltaket vil sette hamna i stand til å ta i mot skip av ein høveleg storleik ut frå kva som er vurdert å vere høveleg for destinasjonen.  Alternativet er å arbeide inn mot segment som omfattar små skip og passasjerar i det meir eksklusive segmentet, eller at dei skipa som er mest interessante for oss, må ankre opp i staden for å gå til kai.  Oppankring og tendring er ikkje eit ynskjeleg alternativ for hamna, då dette genererer lite eller ingenting av hamneinntekter.  

Reinseanlegg – 100 millionar

Det er planlagt å bygge reinseanlegg for avlaupsvatnet til kommunen. Det er førebels ikkje bestemt kvar dette skal liggje. Mest aktuelt er Raffelneset på Indre Hareid. Totalramme for prosjektet dei neste fire åra er 100 millionar kroner. Prosjektet vil bli finansiert med kommunale avgifter.

LES OGSÅ: Kommunedirektøren sine ord om budsjettet

Renovering og utbygging vass- og avlaup – 62 millionar

Totalt ligg det inne at kommunen skal nytte 62 millionar kroner på vatn og avlaup i heile kommunen dei neste fire åra.

26 millionar av desse er tenkt å nyttast til vatn, medan 36 skal gå til avlaup. Dette kjem i tillegg til reinseanlegget. Prosjekta vil bli finansiert gjennom kommunale avgifter.

LES OGSÅ: Slik kan du påverke budsjettet

Ungdomsskule – 122 millionar kroner

I økonomiplanen ligg det inne at Hareid kommune skal bygge ny ungdomsskule eller oppgradere den gamle. Totalen for prosjektet er no 122 millionar kroner. Administrasjonen ser føre seg å levere sak til politisk handsaming i februar 2024. Då vil vegen vidare bli lagt. Så skal prosjektet planleggast og prosjekterast og ut på diverse anbod. Målet er gjennomføring i 2026. 

 

Trafikktryggingspakke – 23 millionar

Hareid kommune held på med ein trafikktryggingsplan som snar skal vere ferdig. Dei neste åra ligg det i økonomiplanen at vi skal nytte 23 millionar kroner på trafikktryggingstiltak.

 

Oppgradering veg – 10 millionar

Hareid kommune har ein vegplan som seier noko om kva stand vegane våre er i. Basert på denne planen vil vegnettet vårt bli oppgradert. Det er ikkje sett av pengar til vegoppgradering i 2024, men fem millionar i både 2025 og 2006.

 

Bustadfelt Plassane – 51 millionar

Kommunestyret vedtok tidlegare i år å gå vidare med full infrastrukturutbygging av Plassane bustadfelt. Totalprisen her er 51 millionar kroner. Tomtane skal sidan seljast og skaffe inntekter til kommunen.

Konsulent leverer ferdig kravspesifikasjon i løpet av kort tid. Konkurranse er planlagt utsendt før jul 2023 og oppstart av anleggsarbeidet i løpet av våren 2024. Då det er planlagt innsparing på rådgivar som mellom anna arbeider med konkurransar og grunnkjøp, vil dette kunne føre til forseinkingar i framdrift i prosjektet og særleg når det gjeld oppstart.

 

Hareid rådhus – oppgradering 2.0 – 18 millionar

Prosjektet var opphavleg opparbeiding av ungdomsklubb, asbestsanering, rehabilitering av fasade, samt nye kontor. Namnet på prosjektet var Rådhuset 2.0.

Prosjektet er planlagt å gjennomførast som ei totalentreprise. Utlysinga er gjennomført og ein er no er kjent med entreprisekostnaden. Når vi legg på uføresette utgifter og interne kostnader kjem totalkostnaden opp i 18 millionar kroner.  

 

Oppgradering av storkjøken Hareid sjukeheim – 8 millionar

Prosjektet totalrenovering av storkjøken ved Hareid sjukheime er under prosjektering, og budsjettkalkyle er dermed ikkje klar. Konsulentfirma Storkjøkkenutvikling AS har rekna ut at utskifting av utstyr vil kome på om lag 3-4 millionar avhengig av kor mykje utstyr som blir brukt på nytt.

I tillegg til utskifting av utstyr er det behov for byggteknisk renovering. Til dømes: Utbetring av golv med nytt belegg, veggbelegg over heile kjøkkenet som kan tole vatn, forbetre fall i golv, utbetre drenering/slukar og ventilasjon. Det er derfor budsjetterte ein høg sum til budsjettåret 2025.

 

Syverplassen barnehage – personalavdeling, parkeringsplass og uteområde – 17 millionar

Arbeidet med å bygge ny personalavdeling med meir på Syverplassen barnehage er alt i gang. Det er laga til mellombels parkeringsplass, og det blir arbeida med ein meir permanent parkeringsløysing. Totalen her på 10 millionar kroner i 2024. I 2025 er det planlagt å oppgradere uteområdet for 6,8 millionar kroner.