Budsjettet – dette seier dei om eigedomsskatten

For å få budsjettet til å gå i null, har kommunedirektøren føreslått ei auke i eigedomsskatten på 1 promille. Formannskapet har vedteke at dei vil jobbe tverrpolitisk for å halde eigedomsskatten uendra.

Dronebilete av indre Hareid i solnedgang. Fotografen har sola i ryggen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dersom framlegget for kommunedirektøren blir endeleg vedtak, vil satsen for eigedomsskatt vere på 4 promille. Totalt vil det gi kommunen auka inntekter med 3,4 millionar kroner. Det kjem i tillegg til dei 10,8 millionane kommunen vil få inn om satsen på 3 promille blir vidareført.

«Til tross for at eigedomsskatten er lite populær, er han eit viktig økonomisk verkemiddel for at kommunen skal kunne utvikle seg til det beste for innbyggarane. Kommunedirektøren ser ikkje at det vil vere mogleg å oppretthalde eit forsvarleg driftsnivå utan å auke eigedomsskatten i 2024,» skriv kommunedirektøren i sitt framlegg. 

Formannskapet handsama saka i sitt møte 27. november. Då uttrykte eit samla formannskap at dei ønska å halde eigedomsskatten uendra. Sidan dei på vedtakstidspunktet ikkje hadde bestemt seg for kvar dei skulle hente dei ekstra 3,4 millionane, vedtok dei å sende kommunedirektøren sitt framlegg på høyring, men la inn eit tillegg som seier at «Hareid kommunestyre vil arbeide tverrpolitisk med sikte på å halde eigedomskatten uendra. Endeleg framlegg i samband med budsjetthandsaminga 14. desember.»

 

Kor mykje meir må du betale om eigedomsskatten blir auka?

Kor mykje du som innbyggar skal betale ekstra, kjem an på verdien av huset du eig. Det er Skatteetaten som set bustadverdien din. Eigedomsskatten blir rekna ut frå ein sats på 70 prosent av denne verdien. Eig du eit hus som er verdsett til 2,5 millionar kroner, vil 1 ekstra promille i eigedomsskatt utgjere 1750 kroner. (2,5 millionar x 70 % x 0,1 %).