Budsjettet – dei viktigaste kuttforslaga i perioden

For å få eit budsjett i balanse, har kommunedirektøren lagt fram ein del kuttforslag. Her får du nokre av dei.

Solnedgang frå Skafjellet. - Klikk for stort bilete

SFO – kortare opningstid og feriestengd

Eit viktig kuttforslag er å stramme inn opningstidene på SFO. I dag har SFO ope frå 07-1630. Kommunedirektøren føreslår å redusere opningstiden til 0730-1530. 

I tillegg ligg det inne forslag om å ikkje ha ferieope SFO.

Totalt vil Hareid kommune kunne spare 2,5 millionar kroner på dette tiltaket.

I tillegg til ei økonomisk innsparing, vil kuttet føre til fleire vaksne til stades i kjernetida, noko som er bra for borna. 

Men, det vil ha nokre konsekvensar. Foreldra vil berre kunne bruke SFO i skuleåret, altså 38 veker. Dette kan gjere det vanskeleg for foreldra å få kvardagen til å gå opp i skuleferiane.

Nokre born med store hjelpebehov og deira foreldre vil bli spesielt påverka av denne endringa. Dei vil måtte søkje om avlastning gjennom sektor for velferd om dei har behov for det.

Når det gjeld dei tilsette og helse, miljø og sikkerheit (HMS), ser vi ingen negative konsekvensar. Tvert imot, med fleire vaksne til stades i kjernetida, vil det bli betre organisering og arbeidsdagar for dei tilsette. Dette er positivt for arbeidsmiljøet og kan redusere sjukefråværet i ei tid det er vanskeleg å skaffe vikarar.

 

Skyve ungdomsskule

Sjølv om ny eller renovert ungdomsskule ligg inne i økonomiplanen, vil det kunne bli oppfatta som eit kutt at bygginga av skulen er skyvd nokre år. Planlagt oppstart for bygging av ungdomsskule er sett til 2026.

 

Skyve leikeplass Hjørungavåg

Det same gjeld ny leikeplass på Hjørungavåg skule. Prosjektet er flytta til 2025. Då er det sett av 2,4 millionar kroner til oppgraderinga av uteområdet og belysning.

 

Kutt i fastløn

Det ligg inne eit kutt i fastløn på ei lang rekke einingar:

Eining

Brutto løn

Inkludert sosiale kostnadar

Bigset skule

600 000

810 000

Hareid skule

1 200 000

1 620 000

Hjørungavåg skule

600 000

810 000

Hareid ungdomsskule

1 200 000

1 620 000

Musikk- og kulturskulen

300 000

405 000

Ressurssenteret

1 200 000

1 620 000

Totalt for sektor for læring- og kultur

5 100 000

6 885 000

   
Bueining

550 000

742 500

Korttidseining

550 000

742 500

Heimesjukepleie

550 000

742 500

Bu- og habilitering

1 650 000

2 227 500

Totalt for sektor for velferd

3 300 000

4 455 000

   
Næring

600 000

810 000

Totalt for sektor for samfunnsutvikling

600 000

810 000