Budsjettet – slik kan dei kommunale avgiftene bli i 2024

Det er lagt opp til ei auke i dei kommunale avgiftene. I denne artikkelen får du vite kor mykje, og kvifor.

Nærbilete av ei vasskran som renn. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dei fleste avgiftene i Hareid kommune er sokalla sjølvkost. Det betyr at kommunen ikkje tek seg meir betalt enn det kostar å drifte akkurat denne tenesta. Vi har ikkje lov å tene pengar på desse tenestene. Det gjeld byggesak, vatn og avlaup. Dersom vi tek inn for mykje eitt år, må desse pengane brukast til føremålet innan fem år.

Før kommuneadministrasjonen legg fram forslag om neste års gebyr, hentar vi inn vurderingar utanfrå. Dei gir oss så eit råd om kor mykje vi bør ta i gebyr, basert på forventa kostnadar.

 

Plan- og byggesaksgebyr

Til gebyra for plan og byggesak, fekk vi råd om å auke gebyra ganske mykje. Her blei det føreslege meir enn ei dobling for enkelte av gebyra. Kommunalsjef for samfunnsutvikling og einingsleiar for plan, byggesak og geodata valde å sjå vekk frå dette forslaget, og gjekk heller for ei auke på 6 prosent, noko som ligg tettare på den generelle prisveksten i samfunnet. Det betyr at tenestene våre ikkje er fullfinansierte gjennom gebyr, og at dei derfor blir subsidiert gjennom ordinær drift.

 

Vatn- og avlaup

Alle kostnadar Hareid kommune har knytt til vatn og avlaup, både utbygging, drift og vedlikehald, skal dekkast inn med gebyr.

 

Avlaupsavgifta består av ein fastdel, som er lik  for alle abonnentar, og ein forbruksdel, som deler husstandane inn i tre grupper, basert på storleik på huset.

Den fastdelen blir auka med 164 kroner, medan forbruksdelen blir auka med 536 kroner for eit hus med areal mellom 150-299 kvadratmeter. Samla blir det 700 kroner og svarer til ei auke på om lag 7,7 prosent.

For hus under 150 kvadratmeter er prisauke samla på 395 kroner (5,5 prosent)

For hus over 300 kvadratmeter er samla gebyrauka på 840 kroner (7,4 prosent)

 

Vassgebyra er bygd opp på same måte. Her er det føreslått å auke fastdelen noko, men redusere forbruksavgifta. Eit hus mellom 150-299 kvadratmeter vil betale 21 kroner mindre i årlege vassgebyr. 

For hus under 150 kvadratmeter er prisendringa samla på 36 kroner meir i året.

For hus over 300 kvadratmeter totale vassavgiftene redusert med 479 kroner.

Den totale auken i vass- og avlaupsgebyr for eit hus i «mellomklassen» blir då 679 kroner, noko som svarer til 3,7 prosent.

 

Renovasjon

Renovasjonstenestene til Hareid kommune blir utført av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Dei arbeider også etter sjølvkostprinsippet. Dei har lagt seg på ei flat gebyrauke på 7 prosent. Ein husstand med standarabonnement vil måtte betale 327 kroner meir i renovasjonsavgift. «Ein generell prisauke står for 5 prosentpoeng av auken, medan ein auke i renter og avskrivingar pluss bransjespesifikke kostnader som auka CO₂-avgift og eit stort forsikringshopp i avfalls- og gjenvinningsbransjen står for resten», skriv SSR i sitt framlegg.

 

Alle gebyra

Det er kommunestyret som vedtek dei endelege kommunale avgiftene i møtet sitt 14. desember.

Her kan du lese heile gebyrheftet. (PDF, 560 kB)