Får 250.000 til å ruste opp Kvitneset

Fylkeskommunen har løyva pengar til skilting, sikring av krigsminner og bygging av stiar.

Det er mange krigsruinar på Kvitneset. No skal bli skilta slik at det er lettare for besøkande å sjå kva det ein gang har vore. Erlend Friestad/Hareid kommune  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Om lag 30 slike skilt skal bli satt opp på Kvitneset. Christine Riise Øvrelid/Hareid kommune  I mai lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut midlar for skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde. Midlane er ein del av tiltakspakkene i samband med koronapandemien.

Kvitneset er eit flott friområde med masse historie. Under andre verdskrig bygde tyskarane eit kystfort her. På det meste var det rundt 500 tyske soldatar og 100 russiske krigsfangar her. 

LES OGSÅ: Då tyskarane kom til Kvitnese - krigshistorie 

Hareid kommune har no fått 250.000 kroner til å ruste opp det flotte rekreasjonsområdet som Kvitneset er. Grunngjevinga er at Kvitneset har stor lokal og regional verdi. Målet er å gjere å gjere Kvitneset attraktivt for alle og formidle både historie og vise fram kulturminna.

Hareid kommune samarbeider med Brandal vel om prosjektet. Det har ei ramme på totalt 500.000 kroner. Brandal Vel og Hareid kommune bidrar med dei siste 250.000 kronene gjennom eigeninnsats og pengeløyvingar.

Prosjektet er ein del av ein større plan om å gjere Kvitneset og historia til området endå meir kjend og tilgjengeleg.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

I fyrste omgang vil kommunen og Brandal Vel prioritere rydding av vegetasjon og utbetring og sikring av tilkomstvegar og stiar. Det skal også bli satt opp ein god del skilt som viser fram kulturminna i området. Dei vil gi ei god oversikt over kva ruinane ein gang har vore.

Kvitneset er ein av attraksjonane vi framhevar på Hareid kommune sin nye turistinformasjonsportal. Ta ein titt!