Tommy Moldskred (Aktivitetsgata), Christine Erdal (Vekst i Hareid), Melinda Skeid (kulturleiar Hareid kommune) og Anders Eidsvik (Aktivitetsgata).
Ingvild Aursøy Måseide/Vikebladet Vestposten
Målet er å skape liv i sentrum, vise fram lokale krefter og gi både innbyggjarar og gjestar gode opplevingar når cruiseskipa kjem.
Marknad i Kjøpmannsgata
I Kjøpmannsgata blir det marknad gjennom dagen. Her kan publikum mellom anna kjøpe handarbeid, suvenirar, såper, lodd og ulike typar mat. Kjernetida vil vere frå 10-14.
Det er framleis plass til fleire salsboder.
Ønskjer du bod denne dagen, ta kontakt snarast med
christine.erdal@hareid.kommune.no
Pop up-konsertar i parken
I parken ved Kjøpmannsgata blir det rigga scene for pop up-konsertar. Her er det ope for kor, band, dansegrupper, korps og andre som vil bidra med korte innslag.
Det blir ikkje sett opp fast program, men målet er jamn aktivitet på scena mellom klokka 11 og 14.
Aktørar som ønskjer å halde konsert, kan ta kontakt med
Anton Tonev på telefon 483 47 501.
Kunstutstilling på kyrkjelydshuset
I fyrste etasje på kyrkjelydshuset i Kjøpmannsgata blir det kunstutstilling med fem lokale kunstnarar. Det er gratis inngang, og fleire av kunstnarane har kunst til sals.
Desse kunstnarane stiller ut:
- Slakky Art (ved Anders Øiestad) – fleire av dei største verka, mellom anna Postkort frå Norge, Kevin in Finland, Hareid calling og Erkeengel Michael
- Maria Bjåstad Hustadnes – måleri
- Felicia Östbye – papirkunst
- Sølvi Abrahamsen – måleri
- Johannes Grimstad – linoleumstrykk og ulike kunstverk
Opent og gratis arrangement
Arrangementet er ope for alle og gratis å delta på – både for publikum og for dei som bidreg med aktivitetar. Aktivitetsgata ønskjer særleg å få med fleire lokale aktørar som vil vere med og skape liv i sentrum denne dagen.
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Velkomstarrangement 13. juni
Sidan dette er vårt første cruiseanløp gjer vi litt ekstra stas på skipet og gjestane. På eit lukka inngjerda område i kaiområdet (pga. ISPS-reglar) vil gjestane bli tatt imot av representantar frå Hareid kommune, Hjørungavåg Brass, Corsonus og lokale vikingar.
Tilbod som blir formidla via reiarlaget sin agent 13. juni
- Besøk på Ishavsmuseet med historieforteljing
- Guida tur med Polarstar til monumentet på Overåsanden og til Kvitneset
- Besøk hos Hodr Hjørungavåg Vikingsete med historieforteljing, omvising og aktivitetar ute
- Besøk på Eliasgarden med historieforteljing og ulike aktivitetar
- Guida tur på Rotarystien
- Panoramatur med buss og guiding
- Båttur innover fjordane
Tilbod som kan bli tilbode på kaia, eller ved seinare cruiseanløp
- Guida tur til Håbakknotten
- Guida tur med arkeolog på Overå
- Besøk, konsert og historieforteljing i Hareid kyrkje
- Konsert med Corsonus
- Tur til Runde
- Besøke Hareid Sauna
- Medlemskap i Explorers Club
- Golf og fotballgolf hos Sunnmøre Golfklubb
- Lokalmat ilag med kokk på Millenium Kafé
Tilbod til mannskapet 13. juni
Lokala til Hareid ungdomsklubb vil bli nytta av mannskapet. Her kan dei slappe av, vere på nett og elles nytte biljard, bordtennis og ulike spel. Det vil også bli vist bilete frå Hareid på storskjermen. Saunaen vil også vere reservert til mannskapet. Viss vêret tillet det vil vi tilby ein guida fjelletur.
Parkering 13. juni
Det vil vere mogleg å stå lenger enn to timar gratis på følgande oppmerka parkeringsplassar i Hareid sentrum:
- Rådhusplassen – også der det er merka med tilsettparkering
- Kyrkja, både ved porten og på bortsida av kyrkjegarden
- I Isakdalen, bak Kjøpmannsgata
- På Coop-taket
- På Hareid barneskule
- Nedsida av sjukeheimen
Det er også god plass ved Hareid skule og Hadarhallen.
Parkeringsplassane der det er betaling i dag, vil ikkje vere gratis.
Fritaket for maks to timar gjeld ikkje på parkeringsplassane utanfor butikkane
Du kan lese meir om kvifor vi forlenger parkeringsperioden her her.
Kart over parkeringsplassar der 2-timarsregelen ikkje gjeld 13. juni

Marknadsgate 13. juni - vere med?
I Kjøpmannsgata blir det marknad gjennom dagen. Her kan publikum mellom anna kjøpe handarbeid, suvenirar, såper, lodd og ulike typar mat. Det er framleis plass til fleire salsboder.
Ønskjer du bod denne dagen, ta kontakt snarast med christine.erdal@hareid.kommune.no
Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Les meir om cruise-satsinga