Skal vise cruiseturistar Hareidsvassdraget – nytt tilbod klart til første cruise-besøk

Når det første cruiseskipet kjem til Hareid 13. juni, står eit heilt nytt lokalutvikla reiselivstilbod klart: guida tur på Rotarystien langs Hareidsvassdraget frå Kaldholdemninga og ned til sjøen.

Mann med knallgrønn t-skjorte på brua ved Grimstadosen. Rundt halsen har han ein stoppeklokke - Klikk for stort bileteAndreas Moldskred har gått Rotarystien med stoppeklokke for å rekne på kor lang tid turistane vil bruke på den guida turen han og Sverre Jarl Ulstein skal ha for cruiseturistane som kjem 13. juni. Erlend Friestad

– Eg så fyrst føre meg å guide turistane opp på Håbakknotten, men for folk som ikkje er vande med å gå i terreng, blei det vanskeleg. Så blei eg oppmoda om å samarbeide med Hareid Rotaryklubb om å guide på Rotarystien, og tende på den ideen, fortel Andreas Moldskred som har utvikla tilbodet. Saman på turen vil han også ha med seg Rotary-sti-«general» Sverre Jarl Ulstein.

Moldskred har hatt god dialog med shore-ex-agenten til cruisereiarlaget for å utvikle og tilpasse tilbodet til cruisegjestane sine ønske og behov.

- Anne Klyve Olsen i Olsen Cruise Service var ei fantastisk dame å snakke med. Vi har fått gode innspel til struktur og tidsbruk på turen. Her skal ting passe på minuttet, seier Moldskred og viser fram stoppeklokka han har rundt halsen.

Den har han gått med i fleire rundar ned stien for å sjå kor mykje tid dei skal bruke på kvar av etappane. 70 meter i minuttet er fasiten – totalt med alle stoppa og ein lenger matpause, vil turen ta 3,5 timar.

LES OGSÅ: Cruise-satsinga gir inntekstmoglegheiter for lokalsamfunnet

Natur, kultur og historie

Tilbodet har tydelegvis treft noko hos dei tyske turistane som kjem med cruiseskipet MS Artania. Rotary-sti-turen er fullbooka. To turar skal Moldskred og Ulstein ta med 26 deltakarar i kvar gruppe.

- Så får vi sjå på responsen om det er noko vi kan halde fram med når dei neste skipa kjem i 2027, seier Moldskred.

Deltakarane blir køyrde med buss frå kaia på Indre-Hareid og til Kaldholen. Der går dei fyrst inn til Kaldholdemninga før dei går tilbake til skipet på Rotary-stien. Undervegs skal dei ha fleire stopp der Moldskred og Ulstein fortel om natur, kultur og historia knyt til vassdraget.

– Eg vaks opp i området og har brukt dette landskapet sidan eg var liten. Det gir ein ekstra dimensjon å kunne fortelje frå eigne erfaringar i tillegg til det historiske, seier han.

Fyrste stopp bli rasteplassen nær vestenden av Grimstadvatnet. Her er det naturreservatet som blir tema. Det er registrert nær 200 fugleartar her, mellom anna Noreg sin nasjonalfugl fossekallen 

Torvløa blir neste stopp og turistane får vite om torvspainga som var heilt naudsynt for å skaffe nok brensel fram til elektrisitet blei den vanlegaste oppvarmingsformen.

Brennsnut og spikekjøt

Ved den store gapahuken ved Grimstadvatnet blir det servert brennsnut, spikemat og historia om reguleringa av vassdraget.

Vidare går turen til Mjølkebrua der Moldskred fortel om elvemuslingane og perlefisket.

På dei siste stoppa legg blir det lagt vekt på næringslivet langs vassdraget, med forteljingar om Hareid elektrisitetsverk, kvernhuset og stampemølla.

- Dersom det er nok vassføring i elva skal vi få i gang kverna slik at deltakarane får sjå ho i aksjon, fortel Moldskred.

Fleire besøk

I år kjem berre MS Artania, men allereie i 2027 har talet på cruiseanløp auka til 5. Det har også kome bestillingar for 2028.

Derfor har vi satsa på cruiseturisme
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Parkering 13. juni
Cruiseskip-besøk i 2027
Cruiseskip-besøk i 2028