Innbyggarane ønsker ein open og tilgjengeleg kommune

Eit stort fleirtal av dei som svarte på undersøkinga om kommunikasjon, meiner dei får den informasjonen dei treng frå Hareid kommune.

People vector created by studiogstock - freepik.com/free-photos-vectors  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I samband med arbeidet med ny kommunikasjonsstrategi for Hareid kommune, gjennomførte vi ei uhøgtideleg undersøking for å få ein peikepinn på korleis vi blir oppfatta av «dykk der ute».

Vi spurte mellom anna kva vi er flinke til når vi kommuniserer med dykk, og kva vi kan bli betre på.

Før de les vidare:
Denne undersøkinga er berre ein temperaturmålar. Den er ikkje vitskapleg og dei 27 som har svart er ikkje representative for innbyggarane i Hareid kommune.*  

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Facebook-skryt

Uavhengig av dette, må vi likevel vere glad for at dei som har svart, stort sett svarer positivt.

Mellom anna:

  • 81 prosent er litt eller heilt einig i at dei får den informasjonen de treng frå Hareid kommune
  • 63 prosent er litt eller heilt einig i at det er lett å finne informasjon på nettsidene våre
  • 67 prosent er litt eller heilt einig i at Hareid kommune nyttar eit klart og tydeleg språk når vi kommuniserer
  • 78 prosent er litt eller heilt einig i at Hareid kommune er ein open og tilgjengeleg kommune

Det er særleg arbeidet med Facebook som blir løfta fram som noko vi er flinke på. «Facebook-sida og oppdateringane der har verkeleg endra mitt syn på Hareid kommune», var ein av tilbakemeldingane.

Lik oss på Facebook for å få siste nytt rett inn i nyhetsstraumen din.

Forbetring

Spørsmålet der det er mest forbetring å hente, er på manglande svar når de sender e-post til oss. Det går også igjen som tema når vi spør kva vi kan bli betre på.

Vi spurte også om kva verdiar som skal ligge i botn når Hareid kommune kommuniserer. Openheit, tydelegheit, truverdig, imøtekomande, serviceinnstilt og presis er nokre av orda som gjekk igjen.

* Det kan til dømes tenkast at dei som har svart er dei som er mest aktive og engasjerte – og derfor får med seg mykje informasjon. Det vil kunne gi eit meir positivt resultat enn om alle innbyggarane svarte. Det kan også vere motsett at dei som minst nøgde endeleg får ei sjanse til å seie i frå og dermed nyttar den.

Vi er i startgropa med kommunikasjonsstrategien vår. Arbeidet blir leia av informasjonskonsulenten. Med på lage har han ei prosjektgruppe med representantar frå dei ulike sektorane. Både den administrative og politiske leiinga blir orientert og involvert i arbeidet. Etter planen vil kommunikasjonsstrategien bli ferdigstilt tidleg haust.