Mjøl og Meir ventar storinnrykk når cruisegjestane kjem

Planen er å firedoble produksjonen og flytte bakerisalet ut på gata.

to kvinner som står ved eit stort bakebord. Den eine kjevlar ut deig, den andre måler opp deig i passande stykke. - Klikk for stort bileteSigrun Knotten (t.v.) og Allen Hovde bakar ut kveitestong. Til den 13. juni planlegg Mjøl og Meir-staben på Hareid å firedoble produksjonen av småbakst for å kunne tilby alle cruisegjestane god, lokal handsverksbakst. Erlend Friestad

Laurdag 13. juni får Hareid besøk av sitt fyrste cruiseskip nokon sinne. På morgonen legg MS Artania til kai på Indre-Hareid med 1200 passasjerar og 500 i mannskapet. 

Kafeen og bakeriet Mjøl og Meir ventar at mange av desse er lystne på lokalt bakverk.

- Kanelknuter og svele er typisk norsk, så vi satsar på å lage ekstra mykje småbakst og ein del påsmurt, fortel driftsleiar Linda Silova.

LES OGSÅ: Skal vise cruiseturistar Hareidsvassdraget – nytt tilbod klart til første cruise-besøk

Heile veka før laurdagen då cruisegjestane kjem, blir brukt til å produsere opp varer, medan sjølve laurdagen blir brukt til steikinga.

- Vi har jo aldri hatt cruiseskip her før, så vanskeleg å vite kvar vi skal leggje oss. Eg trur uansett vi må firedoble produksjonen samanlikna med ein vanleg laurdag. Det gjer at vi må starte tidlegare og bemanne opp seier ho.

Viss veret er fint, kjem dei til å flytte bakeriutsalet ut i gata. Heile Kjøpmannsgata vil vere sett av til marknadsgate denne dagen. 

LES OGSÅ: Opnar for lenger parkering i Hareid sentrum laurdag 13. juni

Derfor har vi satsa på cruiseturisme
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Parkering 13. juni
Cruiseskip-besøk i 2027
Cruiseskip-besøk i 2028