No kan du gi innspel: Ny forskrift om tilskot til private barnehagar

Hareid kommune legg no ut forslag til forskrift om tilskotssats for grunntilskot til private barnehagar for 2027 på høyring. 

utsikt mot Hareid med stor regnboge som fyller heile ramma - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kvifor kjem det ei ny forskrift?

Stortinget har vedteke endringar i barnehagelova og finansieringa av private barnehagar. Ei viktig endring er at kommunen ikkje lenger skal fastsetje tilskot gjennom årlege enkeltvedtak.

I staden skal kommunen fastsetje satsane i ei lokal forskrift. Forskrifta skal gi tydelege rammer for korleis grunntilskotet til private barnehagar blir berekna.

 

Kva handlar høyringa om?

Forslaget til forskrift gjeld alle godkjende private barnehagar i Hareid kommune som har rett til tilskot etter barnehagelova § 19.

Gjennom høyringa ønskjer kommunen særleg innspel på om

  • forskrifta gir tydelege nok rammer for fastsetjing av tilskot
  • skildringa av grunntilskot er klar og forståeleg
  • forskrifta bidreg til føreseielegheit og likebehandling
  • det er behov for presiseringar innanfor nasjonalt regelverk
  • berekningsgrunnlaget er godt nok forklart til å kunne etterprøvast
  • det er feil i kommunen sitt berekningsgrunnlag

 

Høyringsdokument

Desse dokumenta ligg ved saka:

 

Slik sender du innspel

Har du innspel, kan du sende dette via skjemaet på denne lenka og merke det med saksnummer 26/560.

Send inn svar.

Frist for å svare

Fristen for å sende inn høyringssvar er 16. august 2026.