Snart får du desse damene på døra på oppdrag for Hareid kommune

Frå 23. til 27. oktober vil uniformerte medlemmar i Saniteten og Lions gå frå dør til dør i Hareid kommune. Då vil dei dele ut ein informasjonsbrosjyre eigenberedskap og informasjonspunkt i Hareid kommune.

Ni kvinner med gul refleksvest med sanitetslogo på rekke og rad. Dei står framfor eit telt med sanitetslogo på.  - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Brosjyren inneheld informasjon om kvar innbyggjarane kan få informasjon i ei krise, korleis kommunen kommuniserer når dei vanlege kanalane ikkje fungerer, og kva kvar enkelt kan gjere for å styrkje eigenberedskapen.

Hareid kommune har ein beredskapsavtale med Saniteten. Dør-til-dør-aksjonen er ein del av dette samarbeidet.

Eit hovudtema i brosjyren er informasjonspunktet som Hareid kommune vil opprette på biblioteket på helsehuset dersom mobilnettet og internett fell ut. Der vil kommunen dele viktig informasjon om situasjonen, tenestene og kva innbyggjarane bør gjere.

Kvifor legg vi ikkje berre brosjyrane i postkassa? Det kunne vi sjølvsagt spart masse tid på, men vi har eit ønske om å teste kor lang tid det vil ta å gå innom alle husstandane i kommunen. Det kan vere aktuelt å gjere dette i ein beredskapssituasjon der mobil og internett er nede over lang tid.

Onsdag 28. oktober skal kommunen øve på å opprette informasjonspunktet. Innbyggjarane kan besøkje øvinga mellom klokka 16 og 19 og vere med på å teste korleis ordninga fungerer. Alle som kjem innom, blir med i trekninga av eigenberedskapsutstyr. Fleire beredskapsaktørar vil vere til stades slik at innbyggarar kan stille spørsmål og bli betre kjend med kva oppgåver dei har i beredskapen.

LES OGSÅ: Har du dette på plass før krisa - er du godt rusta.