
Dette er resultatet av forhandlingane mellom leiinga i Hareid kommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
- Vi er glad desse store prosjekta no er inne i budsjettet igjen. Dette er viktige prosjekt som skal vere med på å ta Hareid kommune ut av Robek, igjen, seier ordførar Bernt Brandal.
Sjå møta direkte
Formannskapet og kommunestyret skal handsame det nye budsjettframlegget i møta sine 10. mars (kl 12) og 20. mars (kl 18).
Begge møta er, som vanleg, opne for publikum og blir sendt direkte her på nettsida og Facebook.
Andre saker som skal opp i desse møta er mellom anna:
Ville strupe prosjekt
No når Hareid kommune er på Robek, må Statsforvaltaren godkjenne alle låneopptak. I budsjettsaka i desember i fjor vedtok kommunestyret å ta opp 224 millionar i lån. Dette godkjende ikkje Statsforvaltaren. Det blei også klart at store delar av låna som allereie var teke opp, men ikkje brukt, måtte nyttast til å betale ned på lånegjelda. Det betydde at prosjekt som mellom anna Pålhaugen og Plassane blei strupa.
Skulle dette ha blitt konklusjonen, ville utviklinga i Hareid kommune gå i negativ retning.
- Leverandørar og kontraktspartnarar ville miste tillit til Hareid kommune og heile kommunesektoren.
- Innsparingar som allereie var sett i gang ville gå tapt
- Kommunen får ikkje gjere ferdige påbegynte prosjekt, altså bortkasta pengar
- Kommunen får ikkje seld tomtene på Plassane fordi dei ikkje blir ferdige.
Fekk snudd Statsforvaltaren
Hareid kommune gjekk derfor i forhandling med Statsforvaltaren for å kunne halde fram med prosjekta likevel. Det ville få store konsekvensar for kommunen, tilsette, brukarar og pårørande om til dømes Pålhaugen blei lagt på is. Berre erstatningskrava på brote kontrakt til dette prosjektet ville kunne koste 50 millionar kroner.
No har kommunen blitt høyrt. I førre veke kom meldinga om at Statsforvaltaren godkjenner at unytta lånemidlar skal gå til prosjekta
- Vatn og avlaup (Sjølvkost) 55 millionar kroner
- Bustad for vanskelegstilte 20 millionar kroner
- Ferdigstilling Syverplassen uteområde 9 millionar kroner
- Plassane bustadfelt 22 millionar kroner
- ROP bustadar 3,5 millionar kroner
- Veg - lyspakke veg, utskifting av gatelys 1,0 million kroner
- Betyr mykje for heile kommunen
I tillegg vert justert låneopptak til Pålhaugen godkjent.
- Det svært gledeleg at prosjektet med omsorgsbustadane på Pålhaugen kan halde fram. Dette betyr mykje for brukar, pårørande og tilsette, ja heile kommunen vil nyte godt av at desse moderne og tenlege bustadane kjem på plass, seier kommunedirektør Bent Arild Grytten.
LES OGSÅ: Slik blir omsorgsbustadane på Pålhaugen
Sjå video frå Plassane bustadfelt: