Budsjettet – slik kan du påverke

No kan du kome med dine innspel til budsjettet for 2024.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Dronebilete av vinterkledd Hareid sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Etter at kommunedirektøren la fram sitt budsjettforslag tidlegare i november, har det vore oppe i alle råd og utval, inkludert formannskapet som har sendt framlegget på høyring. 

Formannskapet blei einige om å sende kommunedirektøren sitt budsjettframlegg på høyring, med eitt tilleggspunkt som seier at dei folkevalde «vil arbeide tverrpolitisk med framlegg til endeleg framlegg til budsjett og økonomiplan i  kommunestyret 14. desember.»

 

Vi vil ha dine innspel

Etter lova skal budsjettet ligge ute på høyring i to veker. Innbyggarar og andre som har innspel til budsjettet må derfor sende inn sine framlegg innan 12. desember.

Innspel kan du sende til postmottak@hareid.kommune.no eller som papirbrev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 HAREID.

Du er også sjølvsagt fri til å kontakte dei folkevalde direkte om du ønsker det. Kontaktinformasjon til dei folkevalde finn du her.

Heilt til sist er det kommunestyret som vil vedta budsjettet , økonomiplanen for dei neste fire åra og betalingssatsane og gebyra i Hareid kommune. Det skal dei gjere 14. desember.