Vanlege spørsmål

Vanlege spørsmål

Vi får ofte inn spørsmål om byggesøknad og rettleiing. Her finn du ein gjennomgang og svaret på dei mest vanlege.

Sjå og sidene 
* Bygge, endre eller rive utan å søke - Hareid kommune 
* Søke om å bygge, endre eller rive - Hareid kommune
for utfyllande rettleiing og informasjon om byggetiltak, søknad osv.

Har du spørsmål om byggesak som du ikkje finn på heimesida vår, eller generelle spørsmål om rettleiing, send gjerne ein e-post til oss direkte på postmottak@hareid.kommune.no

Korleis få tak i eldre dokumentasjon for eigedom eller byggesak?

Digitalt saksarkiv for saker etter 1. mai 2019: Søk etter saker (hareid.kommune.no) 

For eldre saker har Hareid kommune digitalisert gards- og bruksnummerarkivet sitt. 
Informasjonen er tilgjengeleg for kjøp på kommunen si e-torg løysing.

Meir informasjon finn du på byggesaksarkiv-sida på heimesida vår. 

Korleis finn eg reguleringsplanen for min eigedom?

Hareid kommune har digitalt planregister over alle gjeldande planar i kommunen; på arealplaner.no finn du det du treng.

Kan eg bygge utan å søke?

Sjå Bygge, endre eller rive utan å søke - Hareid kommune

Du kan som regel bygge mindre tiltak utan å søke om løyve. Du som tiltakshavar må likevel sjå til at alle vilkår som krav i arealplan, reguleringsplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt.

Eit tiltak kan vere friteke søknadsplikt etter pbl. men likevel kan det vere krav om dispensasjon etter knytt til føresegn i reguleringsplan eller annan lovgiving.

Nyttig lenke: arealplaner.no

Korleis søke dispensajson?

Sjå eiga   side om dispensasjon 

Dersom du vil bygge eller føre opp noko som er i strid med lov, forskrift eller plan må du søke om dispensasjon.

Korleis finn eg ut kva dispensasjonar som tidlegare er gjeve?

Inne i planregisteret, arealplaner.no, er det under kvar plan ei fane som heiter "dispensasjonar"
Her vert alle dispensasjonar registrert.

Du kan altså søke på ein bestemt plan, få opp detaljane på planen og velge “dispensasjonar”. Du får då opp ei liste over alle omsøkte dispensasjonar på den aktuelle planen. 

Korleis finn eg status på ein planprosess?

Ynskjer du informasjon om ein pågåande planprosess finn du dette på arealplaner.no, under fana "planar under arbied" 
Velg den planen du er interessert i, og klikk deg inn på "planbehandlinger" for å sjå status og dokumenter knytt til planarbeidet.

Kva kostar det å søke om byggeløyve?
Kan eg endre eit bygg eller rom til noko anna?
Fasadeendring

Fasadeendring er i utgangspunktet søknadspliktig.

Det er likevel to unntak fra søknadsplikta:

  • Ei fasadeendring som ikkje fører til at bygningens karakter endres
  • Tilbakeføring av fasade til tidligere dokumentert utførelse

 

Tiltakshavar har ansvar for at fasadeendringa er i samsvar med bestemmelser gitt i eller i medhold av plan- og bygningsloven og at fasadeendringa ikkje kjem i strid med anna regelverk. 

Ei vurdering av om fasadeendringa vil føre til at byggets karaktert vert endra, vil innebere ein stor grad av skjønn. Aktuelle faktorar som spelar inn er byggverkets karakter, alder, plassering, historikk, omgjevnadane og hustype. 
Omfanget av fasadeendringa spiller også sjølvsagt inn, i tillegg til om byggverket ligg innanfor eit bevaringsregulert område eller er klassifisert til å ha antikvarisk verdi. 

Må eg søke om å bygge, endre eller rive terrasse?

Fyll ut rettleiaren - og sjå om du må søke!


Du kan bygge, endre eller rive eit tilbygg (veranda) inntil 15 m2 utan å søke
DERSOM alle vilkåra for unntak er oppfylt
* eigedomen må vere bebygd
* privatrettslige forhold i orden
* ikkje i streid med pbl. §29-4 om avstand til nabogrensa (4m)
 
Tiltaket må ikkje vere i strid med føresegner i arealplan, lov eller forskrift.
feks. utnyttingsgrad, byggelinje, arealformål mm. 

Dersom du vil bygge, endre eller rive veranda over 15 m2 må du søke om byggeløyve. 
Du kan sjølv søke og stå ansvarleg (søknad utan ansvarsrett) for byggearbeidet for tilbygg inntil 50 m2. 
Dersom du overskrid storleiken må fagfolk søke for deg (søknad med ansvarsrett). 

Kan eg begynne å grave?

Byggeprosjekt: Dersom du skal grave for å starte eit byggearbeid må du ha godkjent byggeløyve før graving tar til. Du må altså ha søkt og fått løyve til byggearbeidet før graving.

Graveløyve: løve til å grave langs kommunal veg, i park- og i friområde. 
Må ikkje forvekslast med at du kan starte med gravearbeid for ditt byggeprosjekt (etter gitt byggeløyve).

For meir informasjon og søknadsskjema sjå eiga side om graveløyve

Piperehabilitering og eldstad

.Når du skal gjere arbeid med pipe og eldstad er det to ulike kategoriar: 

  1. Du kan gjere arbeidet utan å søke (ikkje søknadspliktig arbeid) 
  2. Du må søke, og søknad og arbeid må bli gjort av fagfolk

 

ikkje søknadspliktig arbeid: 
Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande bygning innanfor ei branncelle eller bueining 

  • Døme på endring og reparasjon av eldstad er:
    Reinstallering, oppføring av brannmur, innmuring av pipestuss, friluftstilførsel, fundamentering av peis og arbeid som er naudsynt for å installere eldstaden 
  • Reparasjon av pipe, så lenge ikkje pipa vert endra. 
    • Om pipa vert endra, som nytt røykrøyr eller glidestøyp, må du søke om løyve med hjelp av ansvarlege fagpersonar 
  • Frittliggjande utepeis som er plassert minst 4 meter frå nabogrense, og som ikkje er til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden. 

Søknadspliktig arbeider med hjelp av fagfolk

  • Oppføring av skorstein/pipe 
  • Innmontering av nytt innerrøyr 
  • Riving av pipe/skorstein
  • Gjenoppbygging av skorstein under taket 
  • Anna reparasjon av pipe som ikkje omtala ovanfor 
  • Installering, endring og reparasjon av eldstad som gjeld meir enn ei brukseining eller branncelle i eksisterande bygg 

Søknad må sendast inn av føretak med ansvar for søkand, prosjektering og utfløring. 
NB! Krav om digital søknad for søknadar etter pbl. §20-3, sjå eiga side. 

Søknaden skal innehelde: 

  1. Søknad om løyve til tiltak 
  2. Erklæring om ansvarsrett 
  3. Gjennomføringsplan 
  4. Dokumentasjon på brannteknisk godkjenning for produktet som skal bli brukt (sertifikat med godkjenningsnummer). Dersom pipe eller produkt ikkje er godkjent av SINTEF, må du stadfeste at det er testa og godkjent i samsvar med europeisk standard
Krav til trygg byggegrunn i byggesaka

Tiltakshavar eller ansvarleg søkjar skal skaffe seg kunnskap om naturfarer før søknaden blir fremja for kommunen. Etter pbl. §23-3 er tiltakshavar hovudansvarleg for at tiltak oppfyller krava til tryggleik mot naturpåkjenningar mv.

Til byggesøknaden skal det leggjast ved dokumentasjon frå fagkunnig når det blir søkt om byggjeløyve i områder med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt i blant annet område merka av som omsynssoner i plan, områder merka av på aktsemdskart, faresonekart eller som ligger under marin grense, i tillegg til områder der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko i område som er omfatta av planføresegner om utgreiing.

Dersom utbyggjar ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg tryggleik, plikter kommunen å avslå byggjesøknaden med heimel i pbl. §28-1.

For meir informasjon - sjå eiga side. 

 

Korleis kan eg sjekke om eg må ha fagfolk til å stadfeste tryggleik mot naturfare?

Ulike karttenestar kan hjelpe deg med å finne ut om din eigedom inngår i ulike fare- og aktsemdskart
* https://kart.gislink.no/kart/?viewer=kart  - velg temakartet samfunnssikkerheit og huk av for alle underkategoriane. 
* Geocortex Viewer for HTML5 (nve.no) - velg temakartet (layers) naturfare og huk av alle underkategoriane. 
* Sunnmørskart (kommunekart.com) - velg gjeldande kommuneplan og sjå om din eigedom er omfatta av omsynssone for naturfarer. (ikkje alle naturfarer er teke med inn i gjeldande kommuneplan. Du må derfor sjekke dei andre kartklientane for eit fullstendig svar). 

Du bør sjekke følgande kartlag: 
* Faresone for flaum
* Faresone for kvikkleireskred
* Faresonefor fjellskred 
* Faresone for skredfare 
* Aktsemdssone for jord- og flaumskred 
* Aktsemdssone for steinsprang 
* Aktsemdssone for snøskred 
* Aktsemdssone for flaum 

Ny eller endra avkøyrsle frå kommunal veg

Om du vil lage ny, endre eller flytte avkøyrsle til kommunal veg må du søke om løyve.

Dersom du skal gjere noko som endrar forholda ved avkøyrsla, må du få godkjent løyve. 
For eksempel: 
    ·  Etablering av ny avkøyrsle 
    ·  Flytting av eksisterande avkøyrsle 
    ·  Etablering av fleire bueiningar som skal bruke eksisterande avkøyrsle 
sjå meir informasjon på eiga side. 

Godkjent avkøyrselløyve må ligge føre før ei byggesak kan handsamast. 

Ferdigattest, mellombels bruksløyve og ferdig melding

Det er ulovleg å ta i bruk eit tiltak/bygning som du har søkt om, utan at det er gjeve ferdigattest/bruksløyve.

  • Søke om ferdigattest - trykk her 
  • Søke om mellombels bruksløyve - trykk her 
  • Levere melding om ferdig bygg (untatt søknadsplikt) - trykk her for skjema
    - husk å legg ved situasjonskart med tiltaket inntegnet og målsatt. 
    (ferdig melding er viktig å levere slik at kommunen får oppdatert kartsystemet og matrikkelen)


Alle søknadar sendes til postmottak@hareid.kommune.no 

 

Sakshandsamingsfristar

Hovudregelen er at sakshandsamingstid på byggesøknadar er 12 veker etter at komplett søknad ligg føre. 
Merk at dette gjeld frå komplett søknad. Det betyr at søknaden må vere utan manglar, og i samsvar med relevant lovverk med forskrift.

  • Unntak for søknadar som er i tråd med plan, lov og forskrift, utan nabomerknadar og utan uttale eller løyve frå andre mynde - 3 veker frist. 
    • Nabomerknadar gjer at sakshandsamingstida vert 12 veker 
  • Søknadar med dispensasjon - 12 veker frist. Fristen vert forlenga med den tid (normalt 4 veker) som går med til høyring hos offentleg mynde og evt. supplering av opplysningar.

    Du må betale gebyr for handsaminga etter gjeldande gebyrregulativ.

Du finn meir om tidsfristane i plan- og bygningsloven § 21-7  og Byggesaksforskriften kapittel 7.

Kvifor har eg fått to fakutra for ei delesak?

Søknad om frådeling vert handsama i to steg, etter to ulike regelverk.
    1. Løyve til frådeling: Først må det gis et løyve til frådeling med heimel i pbl. §20-1 m).
       • For dette arbeidet blir det fakturert et sakshandsamingsgebyr.  
    2. Oppmålingsforretning: Etter at løyvet er gitt, går saken videre til sakshandsamar for oppmålingssaker. Du vil bli varsla om oppmålingsforretninga via brev eller telefon.
      • Gebeyret for oppmålinga blir fakturert etter at arbeidet er utført.  

Det vert altså sendt 
* ein fakutra for arbeidet etter plan- og bygningslova (inkl. evt. dispensasjonssøknad)
* ein faktura for arbeidet etter matrikkellova 

Nærare informasjon om gebyra finn du på kommunen sine heimesider. https://www.hareid.kommune.no/tenester/organisasjon-og-tilsette/betalingssatsar-og-gebyr/  

Det er her viktig å informere om at dersom oppmålingsforretning ikkje er gjennomført innan 3 år etter at løyvet er gjeve, fell godkjenninga bort, jf. Pbl. § 21-9.  

Når treng eg å søke om handsaming etter jordlova? - (jordlovsvedtak)

Om det frådelte arealet ligg på landbruksareal må du søke om godkjenning etter jordlova, jf. jl. §§9 og 12. Det fyller du ut på DEL B på søknadsskjemaet. 
NB! For søknadar med handsaming etter jordlova vert det fakturert to gebyr. Eit for jordlovsvedtaket og eit for vedtak etter plan- og bygningslova.  

Korleis du ifnn ut om arealet ligg på landbruksareal? 
Søk gård (nibio.no) - nytt gardskart til å finne ut om eigedomen din er registrert med dyrka jord eller dyrkbar jord.