Sigrun Knotten (t.v.) og Allen Hovde bakar ut kveitestong. Til den 13. juni planlegg Mjøl og Meir-staben på Hareid å firedoble produksjonen av småbakst for å kunne tilby alle cruisegjestane god, lokal handsverksbakst.
Erlend Friestad
Laurdag 13. juni får Hareid besøk av sitt fyrste cruiseskip nokon sinne. På morgonen legg MS Artania til kai på Indre-Hareid med 1200 passasjerar og 500 i mannskapet.
Kafeen og bakeriet Mjøl og Meir ventar at mange av desse er lystne på lokalt bakverk.
- Kanelknuter og svele er typisk norsk, så vi satsar på å lage ekstra mykje småbakst og ein del påsmurt, fortel driftsleiar Linda Silova.
LES OGSÅ: Skal vise cruiseturistar Hareidsvassdraget – nytt tilbod klart til første cruise-besøk
Heile veka før laurdagen då cruisegjestane kjem, blir brukt til å produsere opp varer, medan sjølve laurdagen blir brukt til steikinga.
- Vi har jo aldri hatt cruiseskip her før, så vanskeleg å vite kvar vi skal leggje oss. Eg trur uansett vi må firedoble produksjonen samanlikna med ein vanleg laurdag. Det gjer at vi må starte tidlegare og bemanne opp seier ho.
Viss veret er fint, kjem dei til å flytte bakeriutsalet ut i gata. Heile Kjøpmannsgata vil vere sett av til marknadsgate denne dagen.
LES OGSÅ: Opnar for lenger parkering i Hareid sentrum laurdag 13. juni
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
Erlend Friestad
Kaifasilitetar
Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania.
Les meir om kai-samarbeidet mellom verksemdene og kommunen.
Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.