No kan du røyste i stortingsvalet i Hareid kommune

No kan du røyste i stortingsvalet i Hareid kommune

Frå 1. juli tar vi imot røyster frå veljarar som ikkje får til å røyste på valdagen eller i den ordinære førehandsrøysteperioden.

Erlend Friestad

Du kan tidlegrøyste i stortingsvalet på Hareid rådhus frå klokka 10-14.

Dersom du står i samemanntalet, kan du også røyste i sametingsvalet.

I tidleg- og førehandsrøysteperioden, kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

  • Hugs legitimasjon! Utan det, vil du ikkje få røyste

 

Prosedyren for å røyste i tidlegrøysteperioden er litt annleis enn under den ordinære førehandsrøystinga og på valdagen:

  1. Du finn det partiet/lista du vil røyste på
  2. Samstundes fyller valmedarbeidar ut eit informasjonskort om deg
  3. Valmedarbeidaren stemplar setel
  4. Du legg setel oppi ein brun røystesetelkonvolutt og limer igjen
  5. Valmedarbeidar legg den brune konvolutten og utfylt informasjonskort i ein gul omslagskonvolutt og limer igjen
  6. Du legg den gule konvolutten i urna

I tidlegrøysteperioden er det også berre krav til at ein valmedarbeidar er til stades.

Den ordinære førehandsrøysteperioden startar 11. august.

Les fleire saker om valet her.