Valkort

Valkort

Dei aller fleste har fått digitale valkort i år.

Alle veljarar, bortsett frå nokre få unnatak, har fått digitale valkort i år. Dei blir sendt til din digitale postkasse eller gjennom Altinn.

På valkortet vil det stå kvar ditt næraste røystelokale er, og kva kommune/fylke du vil røyste i.

Følgande personar vil ikkje få digitale valkort, men ordinære papirvalkort:

  • Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon
  • Dei som ikkje har oppdatert opplysningane i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon, eller stadfesta at kontaktopplysningane er korrekte i løpet av dei siste 18 månadane.

Eit digitalt valkort er er eit meir tilgjengeleg valkort for dei fleste av oss. Alle med smarttelefon kan laste det ned og til dømes ta ein skjermdump av det, slik at det alltid er med deg. Du slepp derfor å tenke på å ta med valkortet når du skal røyste. 

Dei digitale valkorta kjem også fram til dei som ikkje oppheld seg på folkeregistrert adresse, til dømes langpendlarar og studentar.

Merk: Du treng ikkje ha med valkortet når du skal røyste, sjølv om det vil lette jobben for valfunksjonærane. Du må ha med legitimasjon, og valkortet er ikkje godkjend som legitimasjon.