Når kan vi forvente valresultatet?

Når kan vi forvente valresultatet?

Det er fyrst lov å melde om valresultat klokka 21, når alle vallokala har stengd. Målet er at de allereie då skal få ein god del tal også frå Hareid.

Illustrasjon, person slepp røystesetel ned i urne - Klikk for stort bilete Valdirektoratet

Vi startar oppteljinga i krinsane så fort dei stenger vallokala klokka 19. Røystene skal bli talde to gonger, ein førebels og ein endeleg oppteljing. Allereie når vi er klare med den fyrste, førebelse oppteljinga, vil vi sende resultatet til valgresultat.no. Dette vil skje for kvar krins, fortløpande.

Alle førehandsrøystene er også ferdig talte. Det blir gjort på dagtid på valdagen.

I Hareid krins stenger vallokala klokka 21, så resultatet herifrå må du vente noko lenger på. Det er også her det er flest røystesetlar å telje, så ikkje forvent dei fyrste tala før nærare klokka 2230.

Dei førebelse tala er som regel ganske nøyaktige, men det kan hende vi oppdagar at vi har talt nokre få røyster feil under den endelege oppteljinga. Skulle avvika mellom fyrste og andre oppteljing vere store, tel vi ein tredje gong for å vere på den sikre sida.

Heilt til slutt blir dei seint innkomne førehandsrøystene talt opp. Desse kjem faktisk ikkje inn før dagen etter valet. Det vil seie tysdag 12. september. Fristen er klokka 17. Først då kan vi telje denne kategorien. Erfaringane seier at vi snakkar om mellom 30-50 røyster. Er valet svært jamt, kan desse faktisk vippe kandidatar inn og ut av kommunestyret.

LES OGSÅ: Når veit vi kven som kjem inn i kommunestyret?

LES OGSÅ: Når veit vi kven som blir ordførar?