Når veit vi kven som kjem inn i kommunestyret?

Når veit vi kven som kjem inn i kommunestyret?

Allereie valnatta er det med stort sannsyn at vi veit kor mange representantar det enkelte parti får inn i kommunestyret.

Bilete av kommunestyresalen som er tom - Klikk for stort bileteKven som skal fylle desse stolane frå oktober 2023, vil vi først få vite 12. september. Erlend Friestad

Men kven representantane er, det får vi ikkje vite før langt utpå ettermiddagen den 12. september.

Vi må nemleg vente på dei seint innkomne førehandsrøystene. Det er lov å røyste i heile landet fram til og med 8. september. Vi vil derfor få tilsendt førehandsrøyster som innbyggarar i Hareid har levert i andre kommunar. Desse må ha kome fram til oss innan klokka 17 dagen etter valet. Og fyrst når vi er ferdige med å telje dei, kan vi offentleggjere det fulle og heile kommunestyret. Klokka er då blitt rundt klokka 18.

Det er talet på personrøyster som avgjer kven som kjem inn frå dei forskjellige partia. Veljarar gir personrøyster ved å kryssa av foran kandidatnamn, eller skrive opp namnet om kandidaten står på ein annan liste enn den veljaren har vald. Det siste blir kalla slengarar. Du kan gi inntil fem slengarar i kommunevalet.

Dei kandidatane som har fått flest personrøyster er dei som blir valde inn. Nokre parti har gitt sine øvste kandidatar eit røystetillegg - ein bonus - som gjer at desse har eit forsprang på alle andre kandidatar på lista. Desse er rekna som "sikre plassar".

LES OGSÅ: Når veit vi kven som blir ordførar?

LES OGSÅ: Når får vi vite valresultatet?