Når veit vi kven som blir ordførar?

Når veit vi kven som blir ordførar?

Det er kommunestyret som vel ordførar.

Illustrasjon av spelebrikker der den eine skil seg ut. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Kanskje vil partia allereie valnatta, basert på valresultatet, bli einige om kven som skal få vervet, men det er fyrst i det fyrste kommunestyremøtet – det konstituerande – at ordførar blir formelt vald. I Hareid kommune blir det 26. oktober klokka 18.

Ordføraren blir vald gjennom fleirtalsval. Partia «nominerer» sine kandidatar og så røyster kommunestyrerepresentantane på den kandidaten dei meiner skal bli ordførar. Dersom ein kandidat får meir enn halvparten av røystene (11 for Hareid kommune sin del), er vedkomande vald. Dersom ingen kandidatar får fleire enn halvparten av røystene, blir det ein ny valomgang. Den som får flest røyster i kommunestyret då, blir ordførar. Dersom to eller fleire kandidatar får like mange røyster no, blir det loddtrekning.

Alle avstemmingane skal gjerast ope ved å gi røysteteikn, og det er lov å røyste blankt.

Ordførar, varaordførar og formannskap er valde for fire år og kan ikkje «seiast opp» av kommunestyret i perioden. Andre folkevalde organ kan veljast på nytt.

LES OGSÅ: Når får vi vite valresultatet?

LES OGSÅ: Når veit vi kven som kjem inn i kommunestyret?